Gommo er mor til pappa. Gommo er halling for bestemor, på same måte som goffa er halling for bestefar. Rimeleg sikker på at det står ein eller annan plass i denne bloggen, truleg i mai :)
I går fekk eg melding av Gommo :-D Ho er 74, men har brukar mobiltelefon, og skriv meldingar utan ordbok. Eg, som har prøvd i fleire år å læra det til mormor og bessen, er imponet!
I alle fall meldinga var slik:
" :-) *** kr på brukskontoen din. Ikkje bruk pengane på julegåve til meg. Eg vil ha eit surrealistisk dikt på åtte linjer, utan enderim. gommo."
Eg må skriva eit dikt :-D
Gommo skal feira jul med oss i år :-D Hipp hurra! Og me klarar kanskje snika ho hit neste år og, for mormor vert 80 29. des neste år :-D
1 kommentar:
det er koselig med folk som blogger på nynorsk da :)
Legg inn en kommentar