mandag 20. april 2009

Om krokofantane som bur under isen.

I påsken, på veg heim, skulle Guddis og Hannis gå ned på vatnet frå hytto. Og Guddis datt ned i ein liten sprekk. Og har lagt ut eit bilete på Facebook av sprekken, med teksten: "Kooor e krokkofantane?"


Her er historia om krokofantane:


Då eg var kring 4 år (trur ikkje eg var mykje meir), var eg åleine med pappa og Dadda og Nina, ei venninne av Dadda, til fjells.

Hytta ligg ved eit regulert vatn. Kvar sommar og tidleg haust fyller dei det opp, og når det er fullt byrjar dei (kraftselskapet) å tappe, for å kunna laga straum. Når isen er lagt seg og ein tappar ut vatn, vil isen sprekke og danna sprekkar. Desse kan du ofte ikkje sjå, avdi dei er dekte med snø. Det går ganske fint å gå over dei på ski, så lenge ein går sprekken på tvers og ikkje på langs :-p

Men eg skulle gå åleine frå hytta og ned til isen ein dag. Me skulle alle ut på tur, og eg klarte nok ikkje å stå ned bakken, for eg skulle gå på beino. Og eg fekk beskjed om å halda med i skutersporet.

Dette klarte sjølvsagt ikkje eg, og på veg ned, gjekk eg i ein sprekk og datt ned. Sjølv kan eg ikkje hugsa mykje av dette. Eg veit at eg ikkje kom meg opp, og eg har eit bilete av korleis isen såg ut framfor meg. Eg meiner og at eg kunne sjå til begge sider og at eg stod på bakken, på grus og steinar. Eg kunne muligens ha bevegd meg bortover, men det gjorde eg ikkje. For inne der, der var det heilt sikkert krokodillar! Og krokodillar var skumle dyr!

Dei andre leita, og pappa var nok ganske fortvila og til slutt fann Dadda og Nina dei rette spora og fekk meg opp :-D

No kan det godt hende at dette er eit minne som eg har laga meg sjølv, men det som står klarast i hovudet mitt når eg tenkjer på den sprekken, er eit bilete av stranda innover i mørket og tanken på krokodillane som sikkert var der.

Dette var og truen eg lærte at hammarar som ligg i snøen ikkje bør sleikast på, ein kan klatra på utedassar, pappa er viljug til å ta heile oppvasken ein gong til for at eg skal kunna få vera med og at kalde fiskeboller på boks er bra for såre tunger :-)

søndag 19. april 2009

Tja...

Eg hadde planar om eit lengre, spanande inlegg i dag, men eg gidde ikkje :p

Påskebileter!

Me gjekk til Nordrestølen for å sjå om nokon var heime... Der var kun ein hund, men me fekk posert litt :-D

cimg0912

Gudrun, med pappa sin rygg som leitar fram rette klisteret.

cimg0909

Barbro! :-D

cimg0932

Eg er ganske god til å maltraktera speilegg :-D


cimg0935

Sjekk ka Gudrun fekk til å fungera! Den går på batteri!!!

cimg0961

Dimitri ♥

onsdag 1. april 2009

I fjor

På denne tida i fjor var me opptatt med siste finpussen på Anything Goes! Saknar folkehøgskula og det enkle livet der....