fredag 7. august 2009

På ein båt

Nett no sit eg på det eg trur er Teisten, ein av Tide sine snøggbåtar. Eg er rimeleg døgnvill, avdi eg har vore oppe til både 2 og 3 dei siste nettene og i natt la eg meg rundt halv eitt og var oppe klokka 6. For båten går så gysla tidleg.

Båten er forsåvidt eit av mine favoritt transportmiddel. Ikkje akkurat miljøvennleg, store motorar som brukar ganske mykje disel eller kva det no er dei går på, men å komma seg frå Bømlo til sentrum av Bergen på halvannan time er omtrent så fantastisk som det går an.

Så difor sit eg her no og ser på at ca 75 % av pasasjerane går av på Flesland, med gule avstigningskort, klare for å fly vidare, medan eg framleis har mitt rosa liggande i lommeboka. For eg reiser noko meir miljøvennleg vidare.

No er det 20 minuttar til me er i Bergen og ca 2 1/2 time til toget mitt går. Og er synest det er litt dumt at NSB enno ikkje har funne ut korleis dei kan ha internett på toga, når Tide og Fjord1 klarar å leggja det inn på snøggbåtar og ferjer. Men eg har Big Bang-theory, the Sims og muligens Morrowind på PCen og komfortbillett. Og Knife of Dreams, som eg kanskje bør gjera ferdig snart.

Og med dette pakkar eg no ned PCen, for eg brukar litt lang tid på å formulera og me køyrer snart innunder den fyrste av bruene mot Bergen. Eg vil anta at neste gong er er på nett er eg på Ås, men ikkje ta meg på ordet, for plutseleg ar eg funne meg einstad å pakka opp PCen på.

Snakkast!

onsdag 5. august 2009

tjolahopp?

Eg er her. Eg lese bloggar, eg berre orke ikkje skriva noko sjølv.

Hatt siste dag på jobb i dag! Får lønning i september. Byråkratiet lenge leve!

Skal på Miss Saigon i kveld :-D Hurra! Hurra! Hurra!

Og eg har endra namn på bloggen, fordi eg går bioteknologi, og me drive med genetikk og slike ting, og endrar på gener og flyttar på gener og slikt. Sjølv om eg i hovudsak berre les om det og har berre klona inn vektorar to gonger og har generelt mykje kjemi,så kan det jo faktisk hende at eg får lyst å skriva ei masteroppgåve i genetikk, og då vil eg jo driva å tukla med skaparverket. Det er og ein grei måte å forklara kva bioteknologi er:

"kva studerar du,då?"
"eg studerar bioteknolgi på universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås"
"hæ?"
"tidlegare landbrukshøgskulen"
"åja. Kva går det ut på?"
"tukla med skaparverket og slikt"