om de i det heile teke er så mange...
Som lest i den andre bloggen, http://karilovise.blogg.no aka "bloggen med header som ikkje passer resten av bloggen, og dersom nokon har lyst er det berre å laga ein", har eg nett no mangel på mobil. Dette kjem truleg til å fortsetta ut denne veka og muligens inn i neste.
Har bestillt ny, men pga Telenor sine reglar, vert denne no sendt til Bømlo. Og difor tek dette tid.
Ellers er mikrobiologilab mykje kjekkare når du får beskjed om at de jobbar kun med ikkje-patogene organismar. Me spritar oss framleis på nevane når me er ferdige, men ellers går det greit :-)
Framleis utan sykkel. Sjå den andre bloggen for forklaring. Burde kanskje få kjøpt meg ein ny snart, men det er oktober og me kan omsider gå over jordet, og ikkje berre rundt det...
A blog about life, microbes, books, science, randomness, the universe and everything
torsdag 8. oktober 2009
onsdag 30. september 2009
Sitte hos Ida
Ida er eit flott menneske som er vorte med i Blæst'n, og som let meg låna datamaskina hennar, då eg ikkje har nettkabel nett no. Den vart lånt vekk til Thea, og har ikkje fått tak i den att...
Men me snakkes :D
om ein månad eller to :p
Men me snakkes :D
om ein månad eller to :p
fredag 7. august 2009
På ein båt
Nett no sit eg på det eg trur er Teisten, ein av Tide sine snøggbåtar. Eg er rimeleg døgnvill, avdi eg har vore oppe til både 2 og 3 dei siste nettene og i natt la eg meg rundt halv eitt og var oppe klokka 6. For båten går så gysla tidleg.
Båten er forsåvidt eit av mine favoritt transportmiddel. Ikkje akkurat miljøvennleg, store motorar som brukar ganske mykje disel eller kva det no er dei går på, men å komma seg frå Bømlo til sentrum av Bergen på halvannan time er omtrent så fantastisk som det går an.
Så difor sit eg her no og ser på at ca 75 % av pasasjerane går av på Flesland, med gule avstigningskort, klare for å fly vidare, medan eg framleis har mitt rosa liggande i lommeboka. For eg reiser noko meir miljøvennleg vidare.
No er det 20 minuttar til me er i Bergen og ca 2 1/2 time til toget mitt går. Og er synest det er litt dumt at NSB enno ikkje har funne ut korleis dei kan ha internett på toga, når Tide og Fjord1 klarar å leggja det inn på snøggbåtar og ferjer. Men eg har Big Bang-theory, the Sims og muligens Morrowind på PCen og komfortbillett. Og Knife of Dreams, som eg kanskje bør gjera ferdig snart.
Og med dette pakkar eg no ned PCen, for eg brukar litt lang tid på å formulera og me køyrer snart innunder den fyrste av bruene mot Bergen. Eg vil anta at neste gong er er på nett er eg på Ås, men ikkje ta meg på ordet, for plutseleg ar eg funne meg einstad å pakka opp PCen på.
Snakkast!

onsdag 5. august 2009
tjolahopp?
Eg er her. Eg lese bloggar, eg berre orke ikkje skriva noko sjølv.
Hatt siste dag på jobb i dag! Får lønning i september. Byråkratiet lenge leve!
Skal på Miss Saigon i kveld :-D Hurra! Hurra! Hurra!
Og eg har endra namn på bloggen, fordi eg går bioteknologi, og me drive med genetikk og slike ting, og endrar på gener og flyttar på gener og slikt. Sjølv om eg i hovudsak berre les om det og har berre klona inn vektorar to gonger og har generelt mykje kjemi,så kan det jo faktisk hende at eg får lyst å skriva ei masteroppgåve i genetikk, og då vil eg jo driva å tukla med skaparverket. Det er og ein grei måte å forklara kva bioteknologi er:
"kva studerar du,då?"
"eg studerar bioteknolgi på universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås"
"hæ?"
"tidlegare landbrukshøgskulen"
"åja. Kva går det ut på?"
"tukla med skaparverket og slikt"

mandag 8. juni 2009
jaja
Eg drive å ignorere bloggne mine om dagen. Det går mest utover denne, då det er denne eg brukar minst. Sorry...
fredag 15. mai 2009
Ein draum
Eg lovde Aida å skriva om dinna draumen, men eg huske ikkje så mykje...
Me var på hytto. I ein skråning nedanfor og eit stykke bort er det ganske mykje is, som kjeme av at vatnet er tappa ned. Det verkar ikkje som om det er nokon sprekkar. Det har samla seg tre-4 større grupper med folk i skråningen som har eit salgs marked. I eine gruppa, gruppe 2, er det nokre brannmenn med CO2-slokkeapparat, då nokon driv med noko brennbart der.
Det kjem og går lit folk. Ingrid har ein stand nesten nere på isen nedforbi gruppa med brannmenna i. Det kjem ei ny gruppe og nokon ber brannmennene gå dit og informera. Med ein gong dei er gått, tek noko fyr i gruppe 2, det brenn bra og eg oppfattar at det er ein gassbrann i botnen av det heile. Det brenn stadig meir, og brun røyk sig nedover. Brannmenna er i den borteste gruppa, saman med CO2 apparata, og det verkar ikkje som om dei har tenkt seg bort for å slokke brannen.
Det finnes ikkje vatn, då det er vinter og alt er is.
Eg får Ingrid og Dimitri med meg lengre vekk, det er litt panikkstemning i alle menneska, og me ser opp i skråningen der eit digert område brenn lystig. Eg tenkjer at det har tatt fyr i grunnen under isen, og i nokre tre. Det er mykje røyk som stig. Det var og mykje folk der oppe.
Så vaknar eg før klokka ringer...

mandag 11. mai 2009
mandag 20. april 2009
Om krokofantane som bur under isen.
I påsken, på veg heim, skulle Guddis og Hannis gå ned på vatnet frå hytto. Og Guddis datt ned i ein liten sprekk. Og har lagt ut eit bilete på Facebook av sprekken, med teksten: "Kooor e krokkofantane?"
Her er historia om krokofantane:
Då eg var kring 4 år (trur ikkje eg var mykje meir), var eg åleine med pappa og Dadda og Nina, ei venninne av Dadda, til fjells.
Hytta ligg ved eit regulert vatn. Kvar sommar og tidleg haust fyller dei det opp, og når det er fullt byrjar dei (kraftselskapet) å tappe, for å kunna laga straum. Når isen er lagt seg og ein tappar ut vatn, vil isen sprekke og danna sprekkar. Desse kan du ofte ikkje sjå, avdi dei er dekte med snø. Det går ganske fint å gå over dei på ski, så lenge ein går sprekken på tvers og ikkje på langs :-p
Men eg skulle gå åleine frå hytta og ned til isen ein dag. Me skulle alle ut på tur, og eg klarte nok ikkje å stå ned bakken, for eg skulle gå på beino. Og eg fekk beskjed om å halda med i skutersporet.
Dette klarte sjølvsagt ikkje eg, og på veg ned, gjekk eg i ein sprekk og datt ned. Sjølv kan eg ikkje hugsa mykje av dette. Eg veit at eg ikkje kom meg opp, og eg har eit bilete av korleis isen såg ut framfor meg. Eg meiner og at eg kunne sjå til begge sider og at eg stod på bakken, på grus og steinar. Eg kunne muligens ha bevegd meg bortover, men det gjorde eg ikkje. For inne der, der var det heilt sikkert krokodillar! Og krokodillar var skumle dyr!
Dei andre leita, og pappa var nok ganske fortvila og til slutt fann Dadda og Nina dei rette spora og fekk meg opp :-D
No kan det godt hende at dette er eit minne som eg har laga meg sjølv, men det som står klarast i hovudet mitt når eg tenkjer på den sprekken, er eit bilete av stranda innover i mørket og tanken på krokodillane som sikkert var der.
Dette var og truen eg lærte at hammarar som ligg i snøen ikkje bør sleikast på, ein kan klatra på utedassar, pappa er viljug til å ta heile oppvasken ein gong til for at eg skal kunna få vera med og at kalde fiskeboller på boks er bra for såre tunger :-)

søndag 19. april 2009
Tja...
Eg hadde planar om eit lengre, spanande inlegg i dag, men eg gidde ikkje :p
Påskebileter!
Me gjekk til Nordrestølen for å sjå om nokon var heime... Der var kun ein hund, men me fekk posert litt :-D

Gudrun, med pappa sin rygg som leitar fram rette klisteret.

Barbro! :-D

Eg er ganske god til å maltraktera speilegg :-D

Sjekk ka Gudrun fekk til å fungera! Den går på batteri!!!

Dimitri ♥

onsdag 1. april 2009
I fjor
På denne tida i fjor var me opptatt med siste finpussen på Anything Goes! Saknar folkehøgskula og det enkle livet der....
torsdag 19. mars 2009
Gaah!
Deleksamen i fysikk i morgon. Skummelt!!!!!
Den får sigla sin eigen sjø. Eg veit ikkje kvar det er. Forhåpentlegvis meir enn 5 rette, men ein veit aldri med dinna fysikklæraren vår. Viss det går gale skuldar eg på kurs frå 14-20.30/22.45 tre dagar denne veka, oppå full dag på skulen. Og då har eg ein prøve å retta det opp på. Dei to beste av tre tel. Har 8/10 på den fyrste... Tredje er vanskelegare enn denne, meir stoff, men ikkje ei veke så full.
Må på generalprøve. Har ignorert korpset heile veka. Eit speleoppdrag og to øvingar og me har konsert i morgon kveld. :-/
Me får sjå korleis det går. Musikk er jo også fysikk. Fysikk og kjærleik :-)
*litt nervøs*
Klokko! Må springa!

onsdag 11. februar 2009
Og damo som ikkje hadde sett ein revy før hu kom til UMB (i så fall kan eg ikkje huska han) er plassert i revykommiteen til Åsblæst'n! :-D Får satsa på at dei andre har litt peiling...
Ellers er eg i:
Notekommiteen-
Hurra! Katalogisera,sortera, reparera, skaffa oversikt. Eg kan det ikkje på rommet, men får det til andre stadar. Katja kunne ikkje skjøna korleis eit rotehovud som meg visste når folk skulle gjera ting kvar dei skulle vera, masse planar og alt slikt...
Barnevakt for Hans Harald og trengende blæstere komité Eg har vore den som har bore rundt på Hans Harald mesteparten av året, så dette passar meg bra :-)
Sang-på-tur-komité Eg like å synga ^^ Ønskekommiteen :-D Likar godt sangboka til Blæst'n, sjølv om nokre er ganske grove... Marthe: ringe du meg ein dag kan eg synga nokre til deg :p
Sport og leikkomite Eg kan eit utall versjonar av sisten etterkvart. Trur me har ansvar for Jørn Thorsens...

lørdag 7. februar 2009
Picspam! Hooray!
OIOIOI! BILETER!

Sånn ser eg ut, for dei av dåke som har gløymt da. Skrekk og gru!

Sånn ser bildeveggen min ut. Vil du opp på denne, send meg ei melding, så skal du få adressa mi, så kan du senda meg bileter :-D Marthe, eg er lei for det, men eg gløymte julakortet i vinduskarmen heima.

Eg fekk kaka på bursdagen min av Mari, Julia, Målfrid og Kristin :-)
Og ei bolla med lys av Madelaine :-D

Gudrun. Syster. ♥ Veldig glad i ho :-) Ho er musikalsk, teatralsk, kosialsk og fantastiskialsk :-D

Gudrun likar seg på sofaen.

For der kan ho sova :-D

Dimitri likar å drikka av kopp ♥

Ingrid <3 Lika fantastisk som Gudrun! Lika sprø som resten av familien :-P

Alexis :-D Fantastisk franskmann!
Noko meir de vil ha bileter av?

fredag 6. februar 2009
Oppdatering
Er blitt 21.
Går framleis på Ås.
Fysikk, kjemi og genetikk = jobb!
Korps er stadig gøy!
Nei eg veit ikjke kvar eg skal bu frå hausten, men har ringt på ein hybel. Får svar i APRIL! Skal og søka Siås, og sjå etter andre private... Vil helst flytta inn i juni. Får uansett ikkje bu på Pentagon.
Manga er spanande.
Er supertante =D
Gudrun sin monolog var fiiin :)
Er med Jenny, det er bra!
Framleis singel. Ingen i siktet.
Bassgitar er sexy.
Gitaren har ikkje vore stemt si jul, men eg har hatt han ute av trekket ein gong.
Eg har kjøpt meg kamera, så det kjem bilete ein eller annan gong.
Er generelt dårleg på blogg...
Jack Sparrow er framleis helt

torsdag 29. januar 2009
mandag 26. januar 2009
fredag 23. januar 2009
tur til Ski, kino, og litt meir...
Fri fri fri! Ikkje meir fysikk-tjuvstart! HJELP! Semesteret byrjar på tysdag! Timleplanen min ser slik ut:
Eg trenge ikkje gå på alt. Rekneøving fredag ettermiddag er for eksamensangst :p
Drog til Ski i eitt-tida. Sprang på Haldis på bussen og like etter me var komne til Ski Storsenter traff me Mari. Me vasa litt rundt og handla litt :) Køpte meg eit svart bomullsskjørt i knelengde, ein ullgenser/jakke/sak/ting, sokka, belte (heilt vanleg keisamt til å halde bukser oppe), eit nytt sjal, og ein fantastisk blå glitrete fjærkulepenn som eg skal ha på forelesning. Han er kjempebarnsleg og eg elskar han. Skal ta bilete... FOR
Eg har kjøpt meg kamera!!! Hurra!
Og eg og Gudrun skal til Gol i februar :D
GRATULERA MED DAGEN MAMMA!
Og eg såg Twilight i dag. Likte han. Bryt ikkje veldig med boka. Ein av få filmar eg er nøgd med i forhald til boka. Til tider er Edward dessverre ikkje heilt fantastisk, og Bella er det heller ikkje så ofte, men eg er ikkje så fan av ho uansett... Ingen av vampyrane, med muligens unntak av Esme var slik eg hadde tenkt meg dei. Og James. Sidan eg har sitt traileren sånn ca 100 gonger. Likte Jacob. Han som spela Emmet gjorde det veldig bra. Carlisle var kul. For bleik i første scena si, men det tok seg opp :-)
Ellers kjøpte eg Stardust,nesten 13 timar med Hornblower og den første sesongen med Buffy. Usikker på kvifor eg kjøpte den siste... Hadde dei hatt House, hadde eg ikkje kjøpt anna enn den. Og Bowie-plata :D
no er hjernen trøytt. skal laga ein biletsak, så de ser korleis veka har vore...

Etiketter:
film,
kino,
random,
ting ting ting,
ås
torsdag 22. januar 2009
Les Miserables på Oslo Nye
Skal skaffa meg bilettar. VILVILVILVILVILVIL SKAL SJÅ!
MEN!
SKUFFA! LEI MEG! FAEN!
Dei set han opp på bokmål! ÅÅÅÅÅH! SKUFF! Den er så nydeleg på nynorsk! Fantastisk nydeleg!
NEEEIII :-(
*døyr*

Memo til sjølv:
SLUTT! SLUTT! SLUTT!
Ikkje sjå filmar etter at du har vore ute. I alle fall ikkje onsdag kveld! Du skal på skulen neste dag! Du kan ofte gå utan søvn, men ikkje når døgnrytmen alt er ølydelagd!
FYYY!

mandag 5. januar 2009
Tilbake på Ås
[Her står det eigentleg masse klaging om NSB]
Skulle vore her 23.30.
Kom hit 01.30
Skal på skulen kl 14 i morgon.
GODT NYTTÅR!
Skulle vore her 23.30.
Kom hit 01.30
Skal på skulen kl 14 i morgon.
GODT NYTTÅR!
Abonner på:
Innlegg (Atom)