Sooo...
I have this other blog that I never use, and I have this blog that I never use, and I need a place on the interwebs to rant a bit. And while both blogs have been in Norwegian, I want to turn this one English. I won't be deleting the Norwegian stuff (since I don't have it on the other blog), but this is now my intro :D
Hi!
I'm Kari. I'm 25 years, come from Norway and I'm soon finishing my Master of Science in Microbiology. I like microbes, things that make funny noises, books, marching bands, the interwebs, Earl Grey, friends, and family.
See you all later :)
Messing with the creation
A blog about life, microbes, books, science, randomness, the universe and everything
tirsdag 9. juli 2013
torsdag 8. oktober 2009
Til mine 3 lesarar av denne bloggen
om de i det heile teke er så mange...
Som lest i den andre bloggen, http://karilovise.blogg.no aka "bloggen med header som ikkje passer resten av bloggen, og dersom nokon har lyst er det berre å laga ein", har eg nett no mangel på mobil. Dette kjem truleg til å fortsetta ut denne veka og muligens inn i neste.
Har bestillt ny, men pga Telenor sine reglar, vert denne no sendt til Bømlo. Og difor tek dette tid.
Ellers er mikrobiologilab mykje kjekkare når du får beskjed om at de jobbar kun med ikkje-patogene organismar. Me spritar oss framleis på nevane når me er ferdige, men ellers går det greit :-)
Framleis utan sykkel. Sjå den andre bloggen for forklaring. Burde kanskje få kjøpt meg ein ny snart, men det er oktober og me kan omsider gå over jordet, og ikkje berre rundt det...

onsdag 30. september 2009
Sitte hos Ida
Ida er eit flott menneske som er vorte med i Blæst'n, og som let meg låna datamaskina hennar, då eg ikkje har nettkabel nett no. Den vart lånt vekk til Thea, og har ikkje fått tak i den att...
Men me snakkes :D
om ein månad eller to :p
Men me snakkes :D
om ein månad eller to :p
fredag 7. august 2009
På ein båt
Nett no sit eg på det eg trur er Teisten, ein av Tide sine snøggbåtar. Eg er rimeleg døgnvill, avdi eg har vore oppe til både 2 og 3 dei siste nettene og i natt la eg meg rundt halv eitt og var oppe klokka 6. For båten går så gysla tidleg.
Båten er forsåvidt eit av mine favoritt transportmiddel. Ikkje akkurat miljøvennleg, store motorar som brukar ganske mykje disel eller kva det no er dei går på, men å komma seg frå Bømlo til sentrum av Bergen på halvannan time er omtrent så fantastisk som det går an.
Så difor sit eg her no og ser på at ca 75 % av pasasjerane går av på Flesland, med gule avstigningskort, klare for å fly vidare, medan eg framleis har mitt rosa liggande i lommeboka. For eg reiser noko meir miljøvennleg vidare.
No er det 20 minuttar til me er i Bergen og ca 2 1/2 time til toget mitt går. Og er synest det er litt dumt at NSB enno ikkje har funne ut korleis dei kan ha internett på toga, når Tide og Fjord1 klarar å leggja det inn på snøggbåtar og ferjer. Men eg har Big Bang-theory, the Sims og muligens Morrowind på PCen og komfortbillett. Og Knife of Dreams, som eg kanskje bør gjera ferdig snart.
Og med dette pakkar eg no ned PCen, for eg brukar litt lang tid på å formulera og me køyrer snart innunder den fyrste av bruene mot Bergen. Eg vil anta at neste gong er er på nett er eg på Ås, men ikkje ta meg på ordet, for plutseleg ar eg funne meg einstad å pakka opp PCen på.
Snakkast!

onsdag 5. august 2009
tjolahopp?
Eg er her. Eg lese bloggar, eg berre orke ikkje skriva noko sjølv.
Hatt siste dag på jobb i dag! Får lønning i september. Byråkratiet lenge leve!
Skal på Miss Saigon i kveld :-D Hurra! Hurra! Hurra!
Og eg har endra namn på bloggen, fordi eg går bioteknologi, og me drive med genetikk og slike ting, og endrar på gener og flyttar på gener og slikt. Sjølv om eg i hovudsak berre les om det og har berre klona inn vektorar to gonger og har generelt mykje kjemi,så kan det jo faktisk hende at eg får lyst å skriva ei masteroppgåve i genetikk, og då vil eg jo driva å tukla med skaparverket. Det er og ein grei måte å forklara kva bioteknologi er:
"kva studerar du,då?"
"eg studerar bioteknolgi på universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås"
"hæ?"
"tidlegare landbrukshøgskulen"
"åja. Kva går det ut på?"
"tukla med skaparverket og slikt"

mandag 8. juni 2009
jaja
Eg drive å ignorere bloggne mine om dagen. Det går mest utover denne, då det er denne eg brukar minst. Sorry...
fredag 15. mai 2009
Ein draum
Eg lovde Aida å skriva om dinna draumen, men eg huske ikkje så mykje...
Me var på hytto. I ein skråning nedanfor og eit stykke bort er det ganske mykje is, som kjeme av at vatnet er tappa ned. Det verkar ikkje som om det er nokon sprekkar. Det har samla seg tre-4 større grupper med folk i skråningen som har eit salgs marked. I eine gruppa, gruppe 2, er det nokre brannmenn med CO2-slokkeapparat, då nokon driv med noko brennbart der.
Det kjem og går lit folk. Ingrid har ein stand nesten nere på isen nedforbi gruppa med brannmenna i. Det kjem ei ny gruppe og nokon ber brannmennene gå dit og informera. Med ein gong dei er gått, tek noko fyr i gruppe 2, det brenn bra og eg oppfattar at det er ein gassbrann i botnen av det heile. Det brenn stadig meir, og brun røyk sig nedover. Brannmenna er i den borteste gruppa, saman med CO2 apparata, og det verkar ikkje som om dei har tenkt seg bort for å slokke brannen.
Det finnes ikkje vatn, då det er vinter og alt er is.
Eg får Ingrid og Dimitri med meg lengre vekk, det er litt panikkstemning i alle menneska, og me ser opp i skråningen der eit digert område brenn lystig. Eg tenkjer at det har tatt fyr i grunnen under isen, og i nokre tre. Det er mykje røyk som stig. Det var og mykje folk der oppe.
Så vaknar eg før klokka ringer...

Abonner på:
Innlegg (Atom)