fredag 23. januar 2009

tur til Ski, kino, og litt meir...

Fri fri fri! Ikkje meir fysikk-tjuvstart! HJELP! Semesteret byrjar på tysdag! Timleplanen min ser slik ut:
Photobucket
Eg trenge ikkje gå på alt. Rekneøving fredag ettermiddag er for eksamensangst :p

Drog til Ski i eitt-tida. Sprang på Haldis på bussen og like etter me var komne til Ski Storsenter traff me Mari. Me vasa litt rundt og handla litt :) Køpte meg eit svart bomullsskjørt i knelengde, ein ullgenser/jakke/sak/ting, sokka, belte (heilt vanleg keisamt til å halde bukser oppe), eit nytt sjal, og ein fantastisk blå glitrete fjærkulepenn som eg skal ha på forelesning. Han er kjempebarnsleg og eg elskar han. Skal ta bilete... FOR

Eg har kjøpt meg kamera!!! Hurra!

Og eg og Gudrun skal til Gol i februar :D

GRATULERA MED DAGEN MAMMA!


Og eg såg Twilight i dag. Likte han. Bryt ikkje veldig med boka. Ein av få filmar eg er nøgd med i forhald til boka. Til tider er Edward dessverre ikkje heilt fantastisk, og Bella er det heller ikkje så ofte, men eg er ikkje så fan av ho uansett... Ingen av vampyrane, med muligens unntak av Esme var slik eg hadde tenkt meg dei. Og James. Sidan eg har sitt traileren sånn ca 100 gonger. Likte Jacob. Han som spela Emmet gjorde det veldig bra. Carlisle var kul. For bleik i første scena si, men det tok seg opp :-)


Ellers kjøpte eg Stardust,nesten 13 timar med Hornblower og den første sesongen med Buffy. Usikker på kvifor eg kjøpte den siste... Hadde dei hatt House, hadde eg ikkje kjøpt anna enn den. Og Bowie-plata :D

no er hjernen trøytt. skal laga ein biletsak, så de ser korleis veka har vore...

Ingen kommentarer: